2 Men om du nektar dei å dra og framleis held dei att,
3 skal Herrens hand koma over buskapen din på marka med ein forferdeleg pest, både over hestane, esla, kamelane, storfeet og småfeet.
4 Herren skal skilja mellom buskapen til israelittane og buskapen til egyptarane; ikkje noko av det som høyrer israelittane til, skal døy.»
5 Og Herren fastsette ei tid og sa: «I morgon skal Herren setja dette i verk i landet.»
6 Dagen etter sette Herren dette i verk, og heile buskapen til egyptarane døydde. Men av buskapen til israelittane døydde det ikkje eit einaste dyr.
7 Farao sende bod, og sjå, ikkje eit einaste dyr var daudt av buskapen til israelittane. Men farao gjorde seg hard i hjartet og lét ikkje folket dra.
8 Herren sa til Moses og Aron: «Fyll nevane med sot frå omnen. Moses skal kasta det mot himmelen for auga på farao,