22 Herren sa til Moses: «Rett handa opp mot himmelen, og det skal hagla i heile Egypt, over menneske og dyr og over alt som veks på marka i Egypt!»
23 Moses rette staven sin opp mot himmelen, og Herren sende torevêr og hagl, og eld fór ned mot jorda. Herren lét det hagla over Egypt.
24 Det kom hagl og logande eld midt i haglet, eit haglvêr så kraftig som det ikkje hadde vore i landet sidan egyptarane vart eit folk.
25 I heile Egypt slo haglet ned alt som var ute på marka, både menneske og dyr. Haglet slo ned alt som voks på marka, og knuste kvart tre.
26 Berre i Gosen, der israelittane budde, fall det ikkje hagl.
27 Då sende farao bod etter Moses og Aron og sa til dei: «Denne gongen har eg synda. Herren har retten på si side; det er eg og folket mitt som er skuldige.
28 Gå i forbøn hos Herren; det har vore meir enn nok av Guds torevêr og hagl! Så vil eg la dykk dra, de treng ikkje vera her lenger.»