32 Men kveiten og spelten vart ikkje slegne ned, for dei blir mogne seinare.
33 Moses gjekk bort frå farao og ut av byen, og han strekte hendene ut mot Herren. Torevêret og haglet heldt opp, og regnet strøymde ikkje ned på jorda meir.
34 Då farao såg at regnet og haglet og torevêret hadde halde opp, heldt han fram med å synda. Han og tenarane hans gjorde seg harde i hjartet.
35 Farao var ubøyeleg i sitt hjarte, og han lét ikkje israelittane dra, slik som Herren hadde sagt gjennom Moses.