6 Dagen etter sette Herren dette i verk, og heile buskapen til egyptarane døydde. Men av buskapen til israelittane døydde det ikkje eit einaste dyr.
7 Farao sende bod, og sjå, ikkje eit einaste dyr var daudt av buskapen til israelittane. Men farao gjorde seg hard i hjartet og lét ikkje folket dra.
8 Herren sa til Moses og Aron: «Fyll nevane med sot frå omnen. Moses skal kasta det mot himmelen for auga på farao,
9 og det skal bli til fint støv over heile Egypt. Det skal koma over folk og fe og bli til verkebyllar som slår ut i blemmer, overalt i Egypt.»
10 Dei tok sot frå omnen og gjekk fram for farao, og Moses kasta det mot himmelen, og det vart til verkebyllar og blemmer som sette seg på folk og fe.
11 Magikarane kunne ikkje møta Moses på grunn av byllane, for det hadde kome verkebyllar på magikarane som på alle dei andre egyptarane.
12 Men Herren gjorde farao ubøyeleg i hjartet, og han høyrde ikkje på dei, slik som Herren hadde sagt til Moses.