3 og i dei dagane då Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda, heilt til slutten av det ellevte året då Sidkia, son til Josjia, var konge i Juda, då Jerusalem vart ført i eksil i den femte månaden.
4 Herrens ord kom til meg:
5 «Før eg forma deg i mors liv, kjende eg deg,før du vart fødd, helga eg deg,til profet for folkeslaga sette eg deg.»
6 Men eg sa:«Å, min Herre og Gud!Sjå, eg kan ikkje tala,eg er for ung!»
7 Då sa Herren til meg:«Du skal ikkje seia: Eg er ung!Overalt der eg sender deg, skal du gå,og alt eg byd deg, skal du seia.
8 Ver ikkje redd dei,eg er med deg og skal berga deg,seier Herren.»
9 Herren rette ut handa og rørte ved munnen min. Så sa Herren til meg:«No legg eg orda mine i din munn.