1 Dette ordet tala Herren gjennom profeten Jeremia om Babel, landet til kaldearane:
2 Kunngjer det mellom folkeslaga, lat det høyrast!Lyft banneret, lat det høyrast!Løyn det ikkje, men sei:Babel er teken,Bel har vorte til skamme,og Marduk er slegen av skrekk.Gudebileta har vorte til skamme,avgudane er slegne av skrekk.
3 For eit folkeslag frå nord rykkjer framog gjer landet til øydemarkså ingen kan bu der;både menneske og dyr flyktar og dreg bort.
4 I dei dagane og på den tida,seier Herren,skal israelittane komaog judearane saman med dei.Gråtande skal dei gåog søkja Herren sin Gud.
5 Dei spør etter Sion,dit vender dei andletet:«Kom, lat oss slutta oss til Herreni ei evig pakt som aldri blir gløymd!»
6 Folket mitt var bortkomne sauer,gjetarane førte dei vill,på avvegar i fjella.Dei gjekk frå fjell til haugog gløymde kvar dei skulle kvila.
7 Alle som møtte dei, ville eta dei.Fienden sa: «Vi gjer ingen urett,for dei har synda mot Herren,han som er deira rette beitemark, Herren, vona til fedrane deira.»
8 Flykt bort frå Babel,dra ut frå landet til kaldearane,gå som bukkar framfor flokken.
9 For sjå, eg vekkjer ei stor forsamlingav folkeslag frå landet i nordog fører dei opp mot Babel.Dei stiller opp til strid mot byenog tek han.Dei skyt piler som ein dugande krigar,ein som aldri kjem tomhendt att.
10 Landet til kaldearane blir krigsbytte,alle som plyndrar det, blir mette,seier Herren.
11 No kan de vera glade,no kan de jubla,de som plyndra eigedomen min.De hoppar som kalvar i grasetog vrinskar som sterke hingstar.
12 Mor dykkar skjemmest djupt,ho som fødde dykk, blir til spott.Sjå, ho er sist av folkeslaga,ein ørken, tørt land, ei øydemark.
13 Fordi Herren er harm, skal ingen bu der,heile landet skal bli til ein ørken.Alle som går forbi Babel,skal bli forfærde og plystra hånlegover såra ho har fått.
14 Still dykk opp kring Babel,alle bogeskyttarar!Skyt mot henne, spar ikkje på pilene,for ho har synda mot Herren.
15 Lyft hærrop mot henne frå alle kantar!Ho gjev seg over!Støttene hennar er falne, murane brotne ned.For dette er Herrens hemn.Hemn dykk på henne,gjer med henne slik ho sjølv har gjort!
16 Rydd ut or Babel han som sår,og han som svingar sigdennår det er tid for å hausta.Frå sverdet som herjar, skal kvar og einvenda seg til sitt eige folkog flykta til sitt eige land.
17 Israel var ein sau som gjekk vill,løver hadde drive han på flukt.Først åt Assur-kongen han opp,så har kong Nebukadnesar av Babelgnege av beina.
18 Difor seier Herren over hærskarane, Israels Gud:Sjå, eg vil straffa kongen av Babelog landet hansslik eg straffa kongen av Assur.
19 Så fører eg Israel tilbaketil beitemarkene hans.Han skal beita på Karmel og i Basan,på Efraim-fjellet og i Gileadskal han bli mett.
20 I dei dagane og på den tida,seier Herren,skal dei leita etter Israels skuld, men ho er der ikkje,etter Judas synd, men ho finst ikkje,for eg tilgjev dei eg lèt vera att.
21 Dra opp mot Meratajim-landetog gå til åtak på det!Gå mot dei som bur i Pekod,forfølg dei med sverd og slå dei med bann!Gjer alt det eg byd deg,seier Herren.
22 Det er krigslarm i landet,eit stort samanbrot.
23 Knust og knekter all verdsens hammar.Babel har vorteei øydemark mellom folkeslaga!
24 Eg sette snarer for deg, Babel,og før du visste av det, var du fanga.Du vart funnen og gripenfordi du gjekk til strid mot Herren.
25 Herren har opna våpenlageretog teke fram sin harmes våpen,for Herren, allhærs Gud,har arbeid å gjera i landet til kaldearane.
26 Rykk fram mot landet frå alle kantar!Lat opp kornkammera,kast kornet opp i haugar,slå det med bann og øydelegg det,lat ingenting vera att!
27 Hogg alle oksane deira med sverd,send dei til slakting!Ve dei! Dagen deira er komen,tida då dei må gjera rekneskap.
28 Høyr, dei flyktarog kjem seg bort frå Babelfor å fortelja i Sionat Herren vår Gud har teke hemn,hemn for sitt tempel.
29 Kall bogeskyttarane saman mot Babel,alle som kan spenna ein boge.Kringset byen frå alle kantar,lat ingen sleppa unna!Lat Babel få att for gjerningane sine,gjer mot henne det ho sjølv har gjort.For ho har handla overmodig mot Herren,mot Israels Heilage.
30 Difor skal dei unge mennene hennarfalla på torga,alle krigarane hennar skal drepast den dagen,seier Herren.
31 Eg kjem over deg, du overmodige,seier Herren, allhærs Gud.For no er dagen komen for deg,den tid då eg krev deg til rekneskap.
32 Den overmodige skal snubla og falla,og ingen skal reisa han opp.Eg set eld på byane hans,og elden skal øyda alt ikring.
33 Så seier Herren over hærskarane:Israelittane er undertrykteog judearane òg.Alle som førte dei i fangenskap,held dei fast,dei nektar å sleppa dei fri.
34 Men han som løyser dei ut, er sterk. Herren over hærskarane er hans namn.Han vil føra deira sakog gje jorda ro,men uroa deisom bur i Babel.
35 Sverd mot kaldearane! seier Herren.Sverd mot dei som bur i Babel,mot hennar stormenn og vismenn!
36 Sverd mot orakelprestane!Dei er tåpelege.Sverd mot krigarane!Dei skal bli slegne av skrekk.
37 Sverd mot hestar og vogner,mot alt blandingsfolket der!Dei blir som kvinner.Sverd mot skattkammera!Dei blir rana.
38 Tørke mot vatnet!Det tørkar bort.For dette er landet for gudebilete,dei blir galne av skrekkbileta sine.
39 Difor:Ørkendyr og hyenar skal slå seg ned,og strutsar skal halda til der.Aldri skal byen byggjast meir,frå slekt til slekt skal ingen bu der.
40 Det skal gå som då Gud øydelaSodoma og Gomorra og grannebyane,seier Herren.Ingen skal bu der,ikkje eit menneske slå seg ned.
41 Sjå, det kjem eit folk frå nord,eit stort folkeslag og mange kongarbryt opp frå ytste enden av jorda.
42 Dei har boge og sabel i handa,dei er grufulle og viser ingen nåde.Larmen drønnar som havet.På hestar kjem dei ridande,rusta til krig mot deg, dotter Babel.
43 Då kongen av Babel høyrde ryktet om dei,vart hendene hans slappe.Trengsle greip han,rier som hos ei fødande kvinne.
44 Sjå, lik løva som kjem oppfrå den tette Jordan-skogentil sletta som alltid er grøn,slik skal eg på ein augneblinkdriva dei bort frå landet.Kven er den utvalde som eg skal setja over det?For kven er som eg?Kven kan stemna meg?Kven er den gjetaren som kan stå for mitt andlet?
45 Difor, høyr kva avgjerd Herren har teke om Babel,kva plan han har lagtmot landet til kaldearane.Sanneleg, dei minste av sauene skal slepast bort,og beitemarkene deira skal bli aude.
46 Ropet «Babel er teken!»får jorda til å skjelva,og skriket skal høyrast mellom folkeslaga.