1 Ordet som profeten Jeremia sa til Baruk, son til Neria, då han skreiv ned i ein bokrull dei orda som Jeremia dikterte, i det fjerde året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda:
2 Så seier Herren, Israels Gud, om deg, Baruk:
3 Du seier: «Ve meg! Herren har lagt ny sorg til mi smerte.No er eg trøytt av å klaga,eg finn ikkje kvile.»
4 Dette skal du seia til han:Så seier Herren:Det eg har bygd, det vil eg knusa,og det eg har planta, det rykkjer eg opp;slik skal det vera på heile jorda.
5 Og du ventar deg store ting.Ikkje gjer det!For sjå, no sender eg ulukkeover alt som lever, seier Herren.Men deg gjev eg livet som krigsbyttealle stader der du går.