1 Dette sa Herren til meg: «Gå og kjøp deg eit belte av lin og spenn det om livet, men lat det ikkje koma i vatn!»
2 Eg kjøpte då eit belte, som Herren hadde sagt, og spente det om livet.
3 Då kom Herrens ord til meg andre gongen:
4 «Ta beltet du kjøpte, det du har om livet, og stå opp og gå til Eufrat! Der skal du gøyma det i ein bergsprekk.»
5 Så gjekk eg og gøymde det attmed Eufrat, slik Herren hadde sagt meg.
6 Lang tid etter sa Herren til meg: «Stå opp, gå til Eufrat og hent beltet som eg baud deg å gøyma der!»
7 Eg gjekk til Eufrat og grov opp beltet og tok det bort frå staden der eg hadde gøymt det. Og sjå, då var beltet øydelagt og dugde ikkje til noko.
8 Då kom Herrens ord til meg:
9 Så seier Herren: Slik vil eg øydeleggja det store overmodet i Juda og i Jerusalem.
10 Dette vonde folket nektar å høyra på mine ord, dei følgjer sitt eigenrådige hjarte og følgjer andre gudar for å tena dei og tilbe dei. Som beltet skal dei bli, det som ikkje duger til noko.
11 For slik beltet sluttar tett om livet på mannen, slik har eg slutta heile Israels hus og heile Judas hus til meg, seier Herren, så dei skulle vera mitt folk, til ære, pris og pryd for meg. Men dei ville ikkje høyra.
12 Du skal seia dette ordet til dei: Så seier Herren, Israels Gud: Kvar krukke skal fyllast med vin. Dei kjem til å seia til deg: «Trur du ikkje vi veit at kvar krukke skal fyllast med vin!»
13 Då skal du seia til dei: Så seier Herren: Sjå, eg fyller alle som bur i dette landet, både kongane som sit på Davids trone, prestane, profetane og alle som bur Jerusalem, og dei blir fulle.
14 Eg skal knusa den eine mot den andre, både fedrar og søner, seier Herren. Eg viser ikkje medkjensle, skånar ikkje og er ikkje miskunnsam; eg skal øydeleggja dei.
15 Høyr og lytt, ver ikkje hovmodige!For Herren talar.
16 Gjev Herren dykkar Gud ærefør han gjer det mørkt,før de snublar og fellpå fjella i skumringa.De vonar på lys,men han gjer det til dødsskuggeog tjukk skodde.
17 Men vil de ikkje høyra på dette,må sjela mi gråta i løyndover hovmodet dykkar,gråta og gråta, tårene renn frå auga,for Herrens flokk blir ført i fangenskap.
18 Sei til kongen og kongens mor:Set dykk lenger nede!For den staselege kronahar falle av hovudet dykkar.
19 Byane i Negev er stengde,det er ingen som opnar.Heile Juda er ført i eksil,bortført til siste mann.
20 Lyft auga og sjådei som kjem frå nord!Kvar er flokken du fekk,dei staselege sauene dine?
21 Kva vil du seianår tiltrudde menn som du sjølv har lært opp,blir sette til befalingsmenn over deg?Då blir du gripen av riersom ei fødande kvinne.
22 Du seier i hjartet:«Kvifor skal dette henda meg?»På grunn av di store skuldvart kjolekanten lyft oppog lemene utsette for vald.
23 Kan ein frå Kusj skifta si hudeller ein leopard sine flekker?Då kunne òg de gjera godt,de som er lærte opp til å gjera vondt.
24 Eg skal spreia dei lik halmstråsom fyk av stad med ørkenvinden.
25 Det blir din lut,den del eg måler opp for deg,seier Herren,fordi du gløymde megog sette di lit til løgn.
26 Eg skal sjølv lyfta kjolekantenopp over andletet på degså dei kan sjå di skam,
27 ditt ekteskapsbrot, di vrinskingog ditt skamlause horeliv.Eg såg det motbydelege du dreiv medpå haugane og ute på marka.Ve deg, Jerusalem, du som ikkje reinsar deg!Kor lenge skal dette vara?