1 Herrens ord som kom til profeten Jeremia om filistrane før farao slo Gaza.
2 Så seier Herren:Sjå, vatnet stig frå nordog blir til ei fløymande elv,ho fløymer over landet og alt som fyller det,byane og dei som der bur.Menneska skrik,alle som bur i landet, jamrar.
3 For dei høyrer hovslag frå sterke hestar,vogner som ramlar og hjul som dundrar.Fedrane ser seg ikkje om etter borna,hendene er slappe.
4 For no er dagen komendå filistrane skal øydeleggjast,då alle i Tyros og Sidonsom slapp unna og kunne hjelpa,skal ryddast ut.For Herren øydelegg filistrane,dei som er att frå Kaftor-kysten.
5 Gaza er raka snau,Asjkalon har tagna.Du som er att i dalen,kor lenge vil du rispa deg opp?
6 Å, du Herrens sverd,kor lenge skal det varafør du fell til ro?Trekk deg inn att i slira,kvil og ver stille!
7 Korleis kan det falla til ronår Herren har kalla det ut?Han har sendt det til Asjkalon og til kysten.