1 Herrens ord kom til meg:
2 Gå og rop i øyra på Jerusalem:Så seier Herren:Eg hugsar din ungdoms truskap,din kjærleik som brur,då du følgde meg i ørkenen,i eit land der ingen kan så.
3 Israel var heilagt for Herren,førstegrøda av hans avling.Alle som ville øyda Israel, måtte bøta,ulukke kom over dei,seier Herren.
4 Høyr Herrens ord, Jakobs husog alle slekter i Israels hus!
5 Så seier Herren:Kva gale fann fedrane dykkar hos megsidan dei gjekk bort frå meg,følgde tomme gudarog sjølve vart tomme?
6 Dei sa ikkje: «Kvar er Herrensom førte oss opp frå Egyptog leidde oss gjennom ørkenen,eit land med stepper og kløfter,eit land med tørke og dødsskugge,eit land der ingen ferdastog ikkje eit menneske bur?»
7 Eg førte dykk til eit land med frukthagarså de kunne eta frukta og grøda.Men då de kom inn,gjorde de landet mitt ureintog eigedomen min avskyeleg.
8 Prestane spurde ikkje: «Kvar er Herren?»Dei lovkunnige kjende meg ikkje,gjetarane sette seg opp mot meg,profetane profeterte ved Baalog følgde dei som ikkje kan hjelpa.
9 Difor skal eg framleisføra sak mot dykk,seier Herren,og føra sak mot barneborna dykkar.
10 Far over til kittearkystane og sjå,send bod til Kedar og røk vel etter,sjå om noko slikt har hendt!
11 Har noko folkeslag bytt ut gudane sine,endå dei ikkje er gudar?Men mitt folk har bytt ut si æremed det som ikkje kan hjelpa.
12 Himmel, bli skremdog skjelv av skrekk over dette,seier Herren.
13 For to vonde ting har folket mitt gjort:Dei har gått bort frå meg,kjelda med levande vatn,og hogge seg brønnar,sprokne brønnar som ikkje held vatn.
14 Er Israel ein slavesom er fødd i huset?Kvifor har han vorte eit bytte?
15 Unge løver brølteog knurra mot han.Dei gjorde landet hans til øydemark,byane vart brendeså ingen kan bu der.
16 Ja, menn frå Nof og Tahpanheshar skamklipt skallen din.
17 Dette har du sjølv ført over deg,for du gjekk bort frå Herren din Gudden tid han førte deg på vegen.
18 Og no, kvifor tek du vegen til Egyptfor å drikka vatn frå Nilen,og kvifor tek du vegen til Assurfor å drikka vatn frå Eufrat?
19 Din eigen vondskap straffar deg,ditt fråfall går i rette med deg.Skjøn og sjå kor vondt og bittert det erat du har forlate Herren din Gudog ikkje fryktar meg,seier Herren, allhærs Gud.
20 Frå gammalt av har du brote åketog slite sund lenkjene dine.Du sa: «Eg vil ikkje tena.»På kvar høg haugog under kvart frodig trela du deg ned og dreiv hor.
21 Eg planta deg som den finaste vin,ein ekte stikling.Korleis kunne du bli gjord omtil villskot av framand vinstokk?
22 Om du vaskar deg med lutog sløser med såpe,er di skuld like skiten for meg,seier Herren Gud.
23 Korleis kan du seia:«Eg har ikkje vorte urein,eg har ikkje følgt Baal-gudane»?Sjå kvar du gjekk nede i dalen,og skjøn kva du har gjort!Ei rask kamelhoppesom renner hit og dit,
24 eit villeselsom kjenner ørkenenog snappar etter pusten i brunst.Kven kan halda henne att?Dei som leitar etter henne,slit seg ikkje ut,i paringstida finn dei henne lett.
25 Gå ikkje berrføtt,spar strupen din for tørste!Men du seier: «Det nyttar ikkje.Eg elskar dei framande,eg vil gå etter dei.»
26 Slik tjuven skjemmest når han blir teken,skal israelittane skjemmast,kongar og leiarar,prestar og profetar.
27 Dei seier til treet: «Du er far min»og til steinen: «Du har fødd meg.»Dei snur ryggen til meg og ikkje andletet.Men når ulukka kjem, seier dei:«Reis deg og hjelp oss!»
28 Kvar er gudane dine som du laga deg?Dei får reisa seg og hjelpa deg når ulukka kjem!For du har like mange gudarsom du har byar, Juda.
29 Kvifor ligg de i strid med meg?Alle har de gjort opprør mot meg,seier Herren.
30 Til fånyttes slo eg sønene dykkar,dei lét seg ikkje oppdra.Som ei herjande løveåt sverdet dykkar profetane.
31 De som lever i denne tida,sjå Herrens ord!Har eg vore ein ørken for Israeleller eit mørkt land?Kvifor seier folket mitt: «Vi spring dit vi vil,vi kjem aldri meir til deg»?
32 Kan ei jomfru gløyma smykket sitteller ei brur sitt belte?Men folket mitt har gløymt meggjennom dagar utan tal.
33 Så flink du er til å finna vegennår du er ute etter elsk!Difor har du òg lært degå gå på vonde vegar.
34 På kappeflikane dine er blodfrå skuldlause fattigfolksom du ikkje har gripe i innbrot.Likevel
35 seier du:«Eg er utan skuld,vreiden hans har vendt seg frå meg.»Sjå, no får eg deg dømd,for du seier: «Eg har ikkje synda.»
36 Så lett du harfor å ta ein annan veg!Men også av Egypt blir du gjord til skamme,slik du fekk skam av Assur.
37 Også herifrå må du gå utmed hendene over hovudet.For Herren har forkastadei du stolar på,du får inga nytte av dei.