8 Ver ikkje redd dei,eg er med deg og skal berga deg,seier Herren.»
9 Herren rette ut handa og rørte ved munnen min. Så sa Herren til meg:«No legg eg orda mine i din munn.
10 Sjå, eg set deg i dag over folk og riketil å rykkja opp og riva ned,til å øydeleggja og knusa,til å byggja og planta.»
11 Herrens ord kom til meg: «Kva ser du, Jeremia?» Eg svara: «Eg ser ei grein av eit vaketre.»
12 Då sa Herren til meg: «Godt sett! For eg vil vaka over mitt ord og setja det i verk.»
13 Herrens ord kom til meg for andre gong: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ei kokande gryte, ho hallar hit frå nord.»
14 Då sa Herren til meg:Frå nord skal ulukka hellast utover alle som bur i landet.