1 Høyr ordet som Herren talar til dykk, Israels hus.
2 Så seier Herren:De skal ikkje læra dykk å gå dei vegane folkeslaga går,og ikkje frykta teikna på himmelensjølv om folkeslaga fryktar dei.
3 For skikkane til folka er tomme.Dei høgg eit tre i skogen,ein handverkar lagar det til med øks,
4 dei pryder det med sølv og gull,dei fester det med naglar og hammarså det står støtt.
5 Dei er som fugleskremsla på ei agurkmark,ikkje kan dei snakka,og dei må berast, for dei kan ikkje gå.Ver ikkje redde dei!Dei gjer ikkje nokon skade,men dei kan heller ikkje gjera noko godt.