12 Han laga jorda med si kraft,han grunnla verda i sin visdomog spente ut himmelen ved si innsikt.
13 Når hans røyst høyrest, brusar vatnet i himmelen,han lèt skyer stiga opp frå enden av jorda,han lagar både lyn og regn,han lèt vinden sleppa ut frå sine forrådskammer.
14 Alle menneske er dumme og uforstandige.Kvar gullsmed må skjemmastav gudebiletet sitt,for det støypte biletet hans er løgn.Det er ikkje ånd i dei.
15 Tomme er dei, eit verk til spott.Når straffa kjem, går dei til grunne.
16 Han som er Jakobs del, er ikkje som desse,for det er han som formar alt.Israel er hans eigen stamme. Herren over hærskarane er hans namn.
17 Ta bylten din opp frå bakken,du kvinne som bur i ein kringsett by!
18 For så seier Herren:Sjå, denne gongen slengjer eg bortdei som bur i landet.Eg gjev dei trengslefor at dei skal finna meg.