1 Rettferdig er du, Herre,når eg fører sak mot deg.Likevel må eg snakka med degom kva som er rett.Kvifor har dei urettferdige framgang,kvifor er alle dei trulause trygge?
2 Du plantar dei, og dei slår rot,dei veks og ber frukt.Du er nær i munnen deira,men frå hjartet er du langt borte.
3 Men du, Herre, kjenner meg og ser meg,du prøver mitt hjarte, min truskap mot deg.Skil dei ut som sauer til slakting,vigsla dei til dagen for drap!
4 Kor lenge skal landet sørgjaog alt som gror på marka, tørka bort?Dei som bur i landet, er vonde,difor går dyr og fuglar til grunne.Dei seier: «Han kan ikkje sjåkorleis det går oss til slutt.»
5 Når du blir trøytt av å springa om kapp med fotfolk,korleis kan du då springa om kapp med hestar?Og er du trygg berre i fredeleg land,kva har du då å gjerai Jordans krattskog?
6 Sjølv brørne dine og din fars huser trulause mot deg.Dei ropar bak ryggen din: «Det er nok!»Lit ikkje på deinår dei seier gode ting til deg.
7 Eg har gått frå huset mitt,forkasta eigedomen min,gjeve henne eg elska, i fiendens hand.