3 Men du, Herre, kjenner meg og ser meg,du prøver mitt hjarte, min truskap mot deg.Skil dei ut som sauer til slakting,vigsla dei til dagen for drap!
4 Kor lenge skal landet sørgjaog alt som gror på marka, tørka bort?Dei som bur i landet, er vonde,difor går dyr og fuglar til grunne.Dei seier: «Han kan ikkje sjåkorleis det går oss til slutt.»
5 Når du blir trøytt av å springa om kapp med fotfolk,korleis kan du då springa om kapp med hestar?Og er du trygg berre i fredeleg land,kva har du då å gjerai Jordans krattskog?
6 Sjølv brørne dine og din fars huser trulause mot deg.Dei ropar bak ryggen din: «Det er nok!»Lit ikkje på deinår dei seier gode ting til deg.
7 Eg har gått frå huset mitt,forkasta eigedomen min,gjeve henne eg elska, i fiendens hand.
8 Eigedomen har for meg vortesom ei løve i skogen.Ho brøler til meg,difor hatar eg henne.
9 Er eigedomen min ein spreklete rovfuglsom andre fuglar går laus på frå alle kantar?Lat alle villdyr samlastog før dei hit så dei kan eta!