8 Eigedomen har for meg vortesom ei løve i skogen.Ho brøler til meg,difor hatar eg henne.
9 Er eigedomen min ein spreklete rovfuglsom andre fuglar går laus på frå alle kantar?Lat alle villdyr samlastog før dei hit så dei kan eta!
10 Mange gjetarar har herja mi vinmarkog trampa ned mi odelsjord.Dei har gjort min herlege odeltil ein aud ørken,
11 gjort han til ei øydemark,og øydemarka sørgjer framfor meg.Heile landet er lagt audt,og ingen bryr seg om det.
12 Over alle dei snaue høgder i ørkenenkom folk og herja.For Herren har eit sverd som øyderfrå landsende til landsende,ingen skapning finn fred.
13 Dei sådde kveite og hausta klunger,dei streva til inga nytte.Stå der i skam med avlinga dykkar!For Herren er brennande harm.
14 Så seier Herren om alle dei vonde grannane som rører ved den eigedomen eg har gjeve mitt folk Israel: Sjå, eg rykkjer dei opp frå jorda deira, og Judas hus rykkjer eg opp midt imellom dei.