1 Dette sa Herren til meg: «Gå og kjøp deg eit belte av lin og spenn det om livet, men lat det ikkje koma i vatn!»
2 Eg kjøpte då eit belte, som Herren hadde sagt, og spente det om livet.
3 Då kom Herrens ord til meg andre gongen:
4 «Ta beltet du kjøpte, det du har om livet, og stå opp og gå til Eufrat! Der skal du gøyma det i ein bergsprekk.»
5 Så gjekk eg og gøymde det attmed Eufrat, slik Herren hadde sagt meg.
6 Lang tid etter sa Herren til meg: «Stå opp, gå til Eufrat og hent beltet som eg baud deg å gøyma der!»
7 Eg gjekk til Eufrat og grov opp beltet og tok det bort frå staden der eg hadde gøymt det. Og sjå, då var beltet øydelagt og dugde ikkje til noko.