12 Du skal seia dette ordet til dei: Så seier Herren, Israels Gud: Kvar krukke skal fyllast med vin. Dei kjem til å seia til deg: «Trur du ikkje vi veit at kvar krukke skal fyllast med vin!»
13 Då skal du seia til dei: Så seier Herren: Sjå, eg fyller alle som bur i dette landet, både kongane som sit på Davids trone, prestane, profetane og alle som bur Jerusalem, og dei blir fulle.
14 Eg skal knusa den eine mot den andre, både fedrar og søner, seier Herren. Eg viser ikkje medkjensle, skånar ikkje og er ikkje miskunnsam; eg skal øydeleggja dei.
15 Høyr og lytt, ver ikkje hovmodige!For Herren talar.
16 Gjev Herren dykkar Gud ærefør han gjer det mørkt,før de snublar og fellpå fjella i skumringa.De vonar på lys,men han gjer det til dødsskuggeog tjukk skodde.
17 Men vil de ikkje høyra på dette,må sjela mi gråta i løyndover hovmodet dykkar,gråta og gråta, tårene renn frå auga,for Herrens flokk blir ført i fangenskap.
18 Sei til kongen og kongens mor:Set dykk lenger nede!For den staselege kronahar falle av hovudet dykkar.