14 Eg skal knusa den eine mot den andre, både fedrar og søner, seier Herren. Eg viser ikkje medkjensle, skånar ikkje og er ikkje miskunnsam; eg skal øydeleggja dei.
15 Høyr og lytt, ver ikkje hovmodige!For Herren talar.
16 Gjev Herren dykkar Gud ærefør han gjer det mørkt,før de snublar og fellpå fjella i skumringa.De vonar på lys,men han gjer det til dødsskuggeog tjukk skodde.
17 Men vil de ikkje høyra på dette,må sjela mi gråta i løyndover hovmodet dykkar,gråta og gråta, tårene renn frå auga,for Herrens flokk blir ført i fangenskap.
18 Sei til kongen og kongens mor:Set dykk lenger nede!For den staselege kronahar falle av hovudet dykkar.
19 Byane i Negev er stengde,det er ingen som opnar.Heile Juda er ført i eksil,bortført til siste mann.
20 Lyft auga og sjådei som kjem frå nord!Kvar er flokken du fekk,dei staselege sauene dine?