18 Sei til kongen og kongens mor:Set dykk lenger nede!For den staselege kronahar falle av hovudet dykkar.
19 Byane i Negev er stengde,det er ingen som opnar.Heile Juda er ført i eksil,bortført til siste mann.
20 Lyft auga og sjådei som kjem frå nord!Kvar er flokken du fekk,dei staselege sauene dine?
21 Kva vil du seianår tiltrudde menn som du sjølv har lært opp,blir sette til befalingsmenn over deg?Då blir du gripen av riersom ei fødande kvinne.
22 Du seier i hjartet:«Kvifor skal dette henda meg?»På grunn av di store skuldvart kjolekanten lyft oppog lemene utsette for vald.
23 Kan ein frå Kusj skifta si hudeller ein leopard sine flekker?Då kunne òg de gjera godt,de som er lærte opp til å gjera vondt.
24 Eg skal spreia dei lik halmstråsom fyk av stad med ørkenvinden.