3 Då kom Herrens ord til meg andre gongen:
4 «Ta beltet du kjøpte, det du har om livet, og stå opp og gå til Eufrat! Der skal du gøyma det i ein bergsprekk.»
5 Så gjekk eg og gøymde det attmed Eufrat, slik Herren hadde sagt meg.
6 Lang tid etter sa Herren til meg: «Stå opp, gå til Eufrat og hent beltet som eg baud deg å gøyma der!»
7 Eg gjekk til Eufrat og grov opp beltet og tok det bort frå staden der eg hadde gøymt det. Og sjå, då var beltet øydelagt og dugde ikkje til noko.
8 Då kom Herrens ord til meg:
9 Så seier Herren: Slik vil eg øydeleggja det store overmodet i Juda og i Jerusalem.