5 Så gjekk eg og gøymde det attmed Eufrat, slik Herren hadde sagt meg.
6 Lang tid etter sa Herren til meg: «Stå opp, gå til Eufrat og hent beltet som eg baud deg å gøyma der!»
7 Eg gjekk til Eufrat og grov opp beltet og tok det bort frå staden der eg hadde gøymt det. Og sjå, då var beltet øydelagt og dugde ikkje til noko.
8 Då kom Herrens ord til meg:
9 Så seier Herren: Slik vil eg øydeleggja det store overmodet i Juda og i Jerusalem.
10 Dette vonde folket nektar å høyra på mine ord, dei følgjer sitt eigenrådige hjarte og følgjer andre gudar for å tena dei og tilbe dei. Som beltet skal dei bli, det som ikkje duger til noko.
11 For slik beltet sluttar tett om livet på mannen, slik har eg slutta heile Israels hus og heile Judas hus til meg, seier Herren, så dei skulle vera mitt folk, til ære, pris og pryd for meg. Men dei ville ikkje høyra.