1 Herrens ord som kom til Jeremia om tørken:
2 Juda sørgjer, byane visnar,dei bøyer seg til jorda i sorg,klagerop stig frå Jerusalem.
3 Stormennene sender tenarane sineetter vatn.Dei kjem til brønnane,men finn ikkje vatn.Dei kjem att med tomme kar,dei dekkjer til hovudet i skam og vanære.
4 Jorda rivnar,for det kjem ikkje regn i landet,bøndene dekkjer til hovudet i skam.