1 Herrens ord som kom til Jeremia om tørken:
2 Juda sørgjer, byane visnar,dei bøyer seg til jorda i sorg,klagerop stig frå Jerusalem.
3 Stormennene sender tenarane sineetter vatn.Dei kjem til brønnane,men finn ikkje vatn.Dei kjem att med tomme kar,dei dekkjer til hovudet i skam og vanære.
4 Jorda rivnar,for det kjem ikkje regn i landet,bøndene dekkjer til hovudet i skam.
5 Sjølv hinda ute på markaforlèt den nyfødde kalven,for ikkje noko er grønt.
6 På snaue høgder står villeselog syp etter anden som sjakalar,auga sloknar,for det finst ikkje gras.