10 Så seier Herren om dette folket:Dei likar å streifa ikring,dei sparer ikkje føtene.Men Herren bryr seg ikkje om dei.No vil han hugsa deira skuldog straffa dei for deira synder.
11 Herren sa til meg: Bed ikkje om at det skal gå godt for dette folket!
12 Når dei fastar, høyrer eg ikkje på klageropa deira, og når dei ber fram brennoffer og grødeoffer, bryr eg meg ikkje om dei. For med sverd og svolt og pest skal eg gjera ende på dei.
13 Då sa eg: Å, min Herre og Gud, sjå, profetane seier til dei: «De skal ikkje sjå sverd, og svolt skal ikkje råka dykk, for eg vil gje dykk sann fred på denne staden.»
14 Herren sa til meg: Løgn profeterer desse profetane i mitt namn. Eg har ikkje sendt dei og ikkje gjeve dei noko påbod og ikkje tala til dei. Løgnsyn, falske spådomar og svik frå eige hjarte er det dei profeterer for dykk.
15 Difor seier Herren om profetane som profeterer i mitt namn endå eg ikkje har sendt dei, dei som seier at det ikkje skal vera sverd og svolt her i landet: Ved sverd og svolt skal dei mista livet, desse profetane.
16 Og folket som dei profeterer for, skal liggja slengt på gatene i Jerusalem, tekne av svolt og sverd. Ingen skal gravleggja dei eller kvinnene deira, sønene eller døtrene deira. Slik auser eg deira eigen vondskap ut over dei.