14 Herren sa til meg: Løgn profeterer desse profetane i mitt namn. Eg har ikkje sendt dei og ikkje gjeve dei noko påbod og ikkje tala til dei. Løgnsyn, falske spådomar og svik frå eige hjarte er det dei profeterer for dykk.
15 Difor seier Herren om profetane som profeterer i mitt namn endå eg ikkje har sendt dei, dei som seier at det ikkje skal vera sverd og svolt her i landet: Ved sverd og svolt skal dei mista livet, desse profetane.
16 Og folket som dei profeterer for, skal liggja slengt på gatene i Jerusalem, tekne av svolt og sverd. Ingen skal gravleggja dei eller kvinnene deira, sønene eller døtrene deira. Slik auser eg deira eigen vondskap ut over dei.
17 Dette ordet skal du seia til dei:Tårene renn frå auga minenatt og dag, dei tek ikkje slutt.For jomfrua, dotter til folket mitt,har falle heilt samanog fått eit ulækjande sår.
18 Går eg ut på marka,ser eg folk drepne av sverd,og går eg inn i byen,ser eg svolt og sjukdom.Sjølv profetar og prestarmå fara til eit land dei ikkje kjenner.
19 Har du heilt støytt Juda frå deg,har du avsky for Sion?Kvifor har du slege ossså det ikkje finst lækjedom?Vi har vona på fred,men det finst ikkje noko godt,og på ei tid med lækjedom,men sjå, det er redsle.
20 Vi kjenner vår urett, Herre,og skulda til fedrane våre,for vi har synda mot deg.