19 Har du heilt støytt Juda frå deg,har du avsky for Sion?Kvifor har du slege ossså det ikkje finst lækjedom?Vi har vona på fred,men det finst ikkje noko godt,og på ei tid med lækjedom,men sjå, det er redsle.
20 Vi kjenner vår urett, Herre,og skulda til fedrane våre,for vi har synda mot deg.
21 For ditt namn skuld, forakt oss ikkje,vanær ikkje din herlegdoms trone.Hugs på di pakt med oss,bryt henne ikkje!
22 Kan dei falske gudane til folkeslaga gje regn?Kan himmelen gje regnbyer?Er det ikkje du, Herre, vår Gud?Vi vonar på deg,for det er du som gjer alt dette.