3 Stormennene sender tenarane sineetter vatn.Dei kjem til brønnane,men finn ikkje vatn.Dei kjem att med tomme kar,dei dekkjer til hovudet i skam og vanære.
4 Jorda rivnar,for det kjem ikkje regn i landet,bøndene dekkjer til hovudet i skam.
5 Sjølv hinda ute på markaforlèt den nyfødde kalven,for ikkje noko er grønt.
6 På snaue høgder står villeselog syp etter anden som sjakalar,auga sloknar,for det finst ikkje gras.
7 Herre, sjølv om våre synder vitnar mot oss,så grip likevel inn for ditt namn skuld!Gong på gong har vi falle fråog synda mot deg.
8 Du Israels von,du frelsar i trengselstid,kvifor er du som ein framand i landet,ein ferdamann som berre stansar ei natt?
9 Kvifor er du som ein rådvill mann,ein krigar som ikkje kan frelsa?Du er midt imellom oss, Herre,namnet ditt er nemnt over oss.Gå ikkje frå oss!