11 I sanning, Herre:Har eg ikkje tent deg til det gode,har eg ikkje bede til deg då fienden kom,i tida med naud og trengsle?
12 Kan ein bryta sund jern,jern frå nord, og bronse?
13 Rikdomen og skattane dinegjev eg til fri plyndringfor alle dine synder i heile landet ditt.
14 Eg gjer deg til slave for fiendane dinei eit land du ikkje kjenner.For min vreide logar som eld,mot dykk er han kveikt.
15 Du veit det, Herre.Hugs meg og ta deg av meg!Gjev meg hemn over dei som forfølgjer meg!Ver ikkje så sein til vreideat eg blir riven bort.Vit at eg må tola spott for di skuld!
16 Eg fann dine ord og åt dei,dine ord vart til fryd for megog til glede for hjartet mitt.For ditt namn er nemnt over meg, Herre, allhærs Gud.
17 Aldri sat eg og mora megi lystig lag.For di skuld sat eg einsam,du fylte meg med harme.