18 Kvifor er mi smerte utan endeog såret mitt ulækjande?Det kan ikkje lækjast.Du har vorte for meg som ein tørrlagd bekk,som vatn ein ikkje kan lita på.
19 Difor, så seier Herren:Dersom du vender om,lèt eg deg koma attende.Du skal stå for mitt andlet.Dersom du skil ut det kostesamefrå det verdlause,skal du vera som min munn.Dei skal venda seg til deg,men du skal ikkje venda deg til dei.
20 Mot dette folketgjer eg deg til ein festningsmur av bronse.Dei skal gå til krig mot deg, men ikkje vinna.For eg er med deg,eg vil frelsa deg og berga deg,seier Herren.
21 Eg vil berga deg frå hendene til dei vondeog fria deg frå grepet til valdsmenn.