5 For kven har medkjensle med deg, Jerusalem,kven tykkjer synd i deg?Kven stansar og spør korleis du har det?
6 Du støytte meg frå deg, seier Herren,og snudde ryggen til.Så strekte eg handa utfor å gjera ende på deg,eg var trøytt av å ha medynk.
7 Eg spreidde dei med kasteskovli byane i landet.Eg gjorde folket mitt barnlaustog lét det gå til grunne;det vende ikkje om frå vegane sine.
8 Eg gjorde enkjene meir talrike enn havsens sand.Mot dei som var mødrer til unge menn,sende eg ein som herja midt på lyse dagen.Brått lét eg redsle og skrekkfalla over dei.
9 Sjølv ho som fødde sju born, har visna.Livsanden har gått ut av henne,sola hennar har gått nedmedan det endå var dag.Ho vart til spott og skam.Resten av folketgjev eg til sverdetframfor fiendane deira,seier Herren.
10 Ve meg, mor, at du fødde meg,ein mann i strid og krangel med heile landet.Eg har korkje gjeve eller teke opp lån,og endå forbannar dei meg alle.
11 I sanning, Herre:Har eg ikkje tent deg til det gode,har eg ikkje bede til deg då fienden kom,i tida med naud og trengsle?