9 Sjølv ho som fødde sju born, har visna.Livsanden har gått ut av henne,sola hennar har gått nedmedan det endå var dag.Ho vart til spott og skam.Resten av folketgjev eg til sverdetframfor fiendane deira,seier Herren.
10 Ve meg, mor, at du fødde meg,ein mann i strid og krangel med heile landet.Eg har korkje gjeve eller teke opp lån,og endå forbannar dei meg alle.
11 I sanning, Herre:Har eg ikkje tent deg til det gode,har eg ikkje bede til deg då fienden kom,i tida med naud og trengsle?
12 Kan ein bryta sund jern,jern frå nord, og bronse?
13 Rikdomen og skattane dinegjev eg til fri plyndringfor alle dine synder i heile landet ditt.
14 Eg gjer deg til slave for fiendane dinei eit land du ikkje kjenner.For min vreide logar som eld,mot dykk er han kveikt.
15 Du veit det, Herre.Hugs meg og ta deg av meg!Gjev meg hemn over dei som forfølgjer meg!Ver ikkje så sein til vreideat eg blir riven bort.Vit at eg må tola spott for di skuld!