7 Ingen skal bryta brød for å trøysta den som sørgjer over ein død, eller skjenkja han eit beger til trøyst for far eller mor.
8 Du skal heller ikkje gå i gjestebod for å sitja i lag med dei og eta og drikka.
9 For så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Sjå, rett framfor auga dykkar, i dykkar dagar, gjer eg ende på lyden av jubel og glede og røysta til brudgom og brur på denne staden.
10 Når du kunngjer alle desse orda for dette folket, kjem dei til å seia til deg: «Kvifor byd Herren at heile denne store ulukka skal koma over oss? Kva er vår skuld, kva for ei synd har vi gjort mot Herren vår Gud?»
11 Då skal du seia til dei: Fedrane dykkar forlét meg, seier Herren. Dei følgde andre gudar som dei tente og tilbad. Dei forlét meg, og mi lov heldt dei ikkje.
12 Og de har bore dykk verre åt enn fedrane dykkar. Sjå, kvar og ein følgjer sitt vonde og eigenrådige hjarte og høyrer ikkje på meg.
13 Eg skal kasta dykk ut av dette landet til landet som korkje de eller fedrane dykkar har kjent, og der skal de tena andre gudar både dag og natt. For eg vil ikkje gje dykk nåde.