9 For så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Sjå, rett framfor auga dykkar, i dykkar dagar, gjer eg ende på lyden av jubel og glede og røysta til brudgom og brur på denne staden.
10 Når du kunngjer alle desse orda for dette folket, kjem dei til å seia til deg: «Kvifor byd Herren at heile denne store ulukka skal koma over oss? Kva er vår skuld, kva for ei synd har vi gjort mot Herren vår Gud?»
11 Då skal du seia til dei: Fedrane dykkar forlét meg, seier Herren. Dei følgde andre gudar som dei tente og tilbad. Dei forlét meg, og mi lov heldt dei ikkje.
12 Og de har bore dykk verre åt enn fedrane dykkar. Sjå, kvar og ein følgjer sitt vonde og eigenrådige hjarte og høyrer ikkje på meg.
13 Eg skal kasta dykk ut av dette landet til landet som korkje de eller fedrane dykkar har kjent, og der skal de tena andre gudar både dag og natt. For eg vil ikkje gje dykk nåde.
14 Difor, sjå, dagar skal koma, seier Herren, då det ikkje lenger skal seiast: «Så sant Herren lever, han som førte israelittane opp frå Egypt»,
15 men: «Så sant Herren lever, han som førte israelittane opp frå landet i nord og frå alle dei land han hadde drive dei bort til.» Eg vil føra dei tilbake til deira jord, den jorda eg gav til fedrane.