11 Ei rapphøne som ligg på eggho ikkje sjølv har vorpe,er den som skaffar seg rikdom med urett.Midt i livet må han gå frå hanog står der til sist som ein narr.
12 Ei herleg trone,opphøgd frå den første tid,er staden der vår heilagdom står.
13 Herre, du Israels von,alle som forlèt deg, skal bli til skamme,dei i landet som vender seg frå deg,skal skrivast opp.For dei har forlate Herren,kjelda med levande vatn.
14 Læk meg, Herre, så blir eg lækt,frels meg du, så blir eg frelst.For du er min lovsong.
15 Sjå, dei seier til meg:«Kvar er Herrens ord?Lat det koma!»
16 Men eg har ikkje trygla deg omå senda noko vondt,eg har ikkje lengta etter ein ulukkedag.Du veit kva leppene mine har sagt,det er rett framfor deg.
17 Bli ikkje til redsle for meg!Du er mi tilflukt når ulukka kjem.