17 Bli ikkje til redsle for meg!Du er mi tilflukt når ulukka kjem.
18 Lat forfølgjarane bli til skammeog ikkje eg.Lat dei bli slegne av redsleog ikkje eg!Lat ein ulukkedag koma over dei,knus dei dobbelt!
19 Dette sa Herren til meg: Gå og stå i Folkeporten, der Judas kongar går inn og ut, og i alle portane i Jerusalem,
20 og sei til dei: Høyr Herrens ord, de Juda-kongar, heile Juda og alle som bur i Jerusalem, de som går inn gjennom desse portane.
21 Så seier Herren: Så sant de har livet kjært, akta dykk for å bera noka bør på sabbatsdagen og koma inn gjennom Jerusalems portar med henne.
22 De må ikkje bera noko ut or husa dykkar på sabbatsdagen og ikkje gjera noko arbeid. De skal halda sabbatsdagen heilag, slik eg baud fedrane dykkar.
23 Men dei høyrde ikkje og vende ikkje øyret til, dei gjorde nakken stiv og lydde ikkje og tok ikkje imot formaning.