6 Han blir lik ein busk i øydemarka,han får ikkje sjå det gode koma,han held til i ein ørken av stein,i det salte landet der ingen bur.
7 Velsigna er den mannsom stolar på Herrenog set si lit til han.
8 Han er lik eit tresom er planta attmed vatnog strekkjer røtene mot bekken.Det fryktar ikkje når heten kjem,lauvet er grønt.Det engstar seg ikkje i tørketiderog held ikkje opp med å bera frukt.
9 Hjartet er meir svikefullt enn noko anna,det kan ikkje lækjast.Kven kan skjøna det?
10 Eg, Herren, er densom granskar hjarte og prøver nyrer.Eg løner kvar mann etter hans ferd,etter frukta av hans gjerningar
11 Ei rapphøne som ligg på eggho ikkje sjølv har vorpe,er den som skaffar seg rikdom med urett.Midt i livet må han gå frå hanog står der til sist som ein narr.
12 Ei herleg trone,opphøgd frå den første tid,er staden der vår heilagdom står.