8 Men dersom det folket eg har truga, vender om frå sin vondskap, angrar eg på det vonde eg hadde tenkt å gjera mot det.
9 Stundom lovar eg eit folkeslag eller eit rike at eg vil byggja og planta.
10 Men gjer dei då det som vondt er i mine auge, og ikkje høyrer på mi røyst, angrar eg på det gode eg hadde tenkt å gjera mot dei.
11 Og no, sei til mennene i Juda og til dei som bur i Jerusalem: Så seier Herren: Sjå, eg formar til ei ulukke og tenkjer ut ein plan mot dykk. Vend om, kvar frå sin vonde veg! Gjer vegane og gjerningane dykkar gode!
12 Men dei skal svara: «Det nyttar ikkje. Vi vil følgja våre eigne planar, kvar og ein av oss vil gjera etter sitt vonde og eigenrådige hjarte.»
13 Difor seier Herren:Spør mellom folkeslaga:Kven har høyrt noko slikt?Grufulle ting har jomfru Israel gjort.
14 Forsvinn vel snøen på Libanonfrå høge berget?Kan det kalde, rennande vatnetfrå framandt land tørka ut?