10 Sidan skal du knusa krukka framfor auga på dei menn som går saman med deg,
11 og du skal seia til dei: Så seier Herren over hærskarane: Eg vil knusa dette folket og denne byen slik ein knuser eit kar frå pottemakaren så det ikkje kan bli heilt att. Og i Tofet skal dei gravleggja folk, fordi det ikkje finst gravplass andre stader.
12 Slik vil eg gjera med denne staden, seier Herren, og med dei som bur der, og denne byen vil eg gjera lik Tofet.
13 Og husa i Jerusalem og husa til kongane i Juda skal bli ureine som Tofet, alle dei husa der dei har tent offereld på taka for heile himmelens hær og aust ut drikkoffer for andre gudar.
14 Så kom Jeremia att frå Tofet, dit Herren hadde sendt han for å profetera. Då stilte han seg i føregarden til Herrens hus og sa til alt folket:
15 «Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Sjå, eg sender all den ulukke eg har truga med, over denne byen og over alle dei byane som høyrer han til. For dei har gjort nakken stiv og høyrer ikkje på mine ord.»