1 Herrens ord kom til meg:
2 Gå og rop i øyra på Jerusalem:Så seier Herren:Eg hugsar din ungdoms truskap,din kjærleik som brur,då du følgde meg i ørkenen,i eit land der ingen kan så.
3 Israel var heilagt for Herren,førstegrøda av hans avling.Alle som ville øyda Israel, måtte bøta,ulukke kom over dei,seier Herren.
4 Høyr Herrens ord, Jakobs husog alle slekter i Israels hus!
5 Så seier Herren:Kva gale fann fedrane dykkar hos megsidan dei gjekk bort frå meg,følgde tomme gudarog sjølve vart tomme?
6 Dei sa ikkje: «Kvar er Herrensom førte oss opp frå Egyptog leidde oss gjennom ørkenen,eit land med stepper og kløfter,eit land med tørke og dødsskugge,eit land der ingen ferdastog ikkje eit menneske bur?»