23 Korleis kan du seia:«Eg har ikkje vorte urein,eg har ikkje følgt Baal-gudane»?Sjå kvar du gjekk nede i dalen,og skjøn kva du har gjort!Ei rask kamelhoppesom renner hit og dit,
24 eit villeselsom kjenner ørkenenog snappar etter pusten i brunst.Kven kan halda henne att?Dei som leitar etter henne,slit seg ikkje ut,i paringstida finn dei henne lett.
25 Gå ikkje berrføtt,spar strupen din for tørste!Men du seier: «Det nyttar ikkje.Eg elskar dei framande,eg vil gå etter dei.»
26 Slik tjuven skjemmest når han blir teken,skal israelittane skjemmast,kongar og leiarar,prestar og profetar.
27 Dei seier til treet: «Du er far min»og til steinen: «Du har fødd meg.»Dei snur ryggen til meg og ikkje andletet.Men når ulukka kjem, seier dei:«Reis deg og hjelp oss!»
28 Kvar er gudane dine som du laga deg?Dei får reisa seg og hjelpa deg når ulukka kjem!For du har like mange gudarsom du har byar, Juda.
29 Kvifor ligg de i strid med meg?Alle har de gjort opprør mot meg,seier Herren.