6 Dei sa ikkje: «Kvar er Herrensom førte oss opp frå Egyptog leidde oss gjennom ørkenen,eit land med stepper og kløfter,eit land med tørke og dødsskugge,eit land der ingen ferdastog ikkje eit menneske bur?»
7 Eg førte dykk til eit land med frukthagarså de kunne eta frukta og grøda.Men då de kom inn,gjorde de landet mitt ureintog eigedomen min avskyeleg.
8 Prestane spurde ikkje: «Kvar er Herren?»Dei lovkunnige kjende meg ikkje,gjetarane sette seg opp mot meg,profetane profeterte ved Baalog følgde dei som ikkje kan hjelpa.
9 Difor skal eg framleisføra sak mot dykk,seier Herren,og føra sak mot barneborna dykkar.
10 Far over til kittearkystane og sjå,send bod til Kedar og røk vel etter,sjå om noko slikt har hendt!
11 Har noko folkeslag bytt ut gudane sine,endå dei ikkje er gudar?Men mitt folk har bytt ut si æremed det som ikkje kan hjelpa.
12 Himmel, bli skremdog skjelv av skrekk over dette,seier Herren.