1 Då presten Pasjhur, Immers son, som var øvste tilsynsmann i Herrens hus, høyrde Jeremia tala desse profetiske orda,
2 slo han profeten Jeremia og sette han i gapestokken ved den øvre Benjamin-porten, som fører inn til Herrens hus.
3 Dagen etter sleppte Pasjhur Jeremia laus frå gapestokken. Då sa Jeremia til han: Herren kallar deg ikkje Pasjhur, men «Redsle på alle kantar».
4 For så seier Herren: Sjå, eg gjer deg til ei redsle for deg sjølv og for alle venene dine. Dei skal falla for sine fiendars sverd, og auga dine skal sjå det. Og heile Juda vil eg gje over i hendene på kongen av Babel. Han skal føra dei til eksil i Babel og hogga dei ned med sverd.