13 Syng for Herren, lovpris Herren,for han bergar livet til den fattigefrå valdsmannens hand.
14 Forbanna er den dagendå eg vart fødd!Den dagen mor mi fødde meg,skal ikkje vera velsigna!
15 Forbanna er den mannensom kom til far min med nyhendet:«Det er fødd deg eit barn, ein gut»og gjorde han storleg glad.
16 Lat den mannen bli som dei byane Herren øydela utan medynk!Lat han høyra skrik om morgonenog hærrop midt på dagen
17 fordi han ikkje drap meg i mors liv,så mor mi kunne bli mi gravog alltid gå med barn.
18 Kvifor kom eg ut av mors livfor å sjå møde og sorgog enda mine dagar i skam?