9 Eg sa: «Eg vil ikkje tenkja på hanog aldri meir tala i hans namn.»Då var det som om det brann ein eld i mitt hjarte.Han var innestengd i knoklane mine.Eg streva for å stå imot,men eg greidde det ikkje.
10 For eg høyrer mange som kviskrar:«Redsle på alle kantar!Meld han! Vi skal melda han!»Kvart menneske eg hadde fred med,ventar på at eg skal falla:«Kanskje lèt han seg lokka,så vi vinn og kan hemna oss på han.»
11 Men Herren er med meglik ein veldig krigar.Difor skal dei som forfølgjer meg,snubla og ikkje vinna.Dei skal bli heilt til skamme,for dei mislukkast,ei evig vanære som aldri blir gløymd.
12 Herre over hærskarane,du som prøver den rettferdige,som ser nyrer og hjarte,lat meg få sjå at du tek hemn over dei,for eg har lagt mi sak fram for deg.
13 Syng for Herren, lovpris Herren,for han bergar livet til den fattigefrå valdsmannens hand.
14 Forbanna er den dagendå eg vart fødd!Den dagen mor mi fødde meg,skal ikkje vera velsigna!
15 Forbanna er den mannensom kom til far min med nyhendet:«Det er fødd deg eit barn, ein gut»og gjorde han storleg glad.