11 Til kongehuset i Juda:Høyr Herrens ord,
12 du Davids hus!Så seier Herren:Døm rett om morgonen,berg den som er rana, frå undertrykkjarens hand!Elles skal harmen min loga som eldog brenna utan at nokon sløkkjer,for alt det vonde de har gjort.
13 Sjå, eg kjem mot deg,du by som tronar over dalen,du berg på sletta, seier Herren.De seier: «Kven kan koma over ossog trengja inn i våre bustader?»
14 Eg skal straffa dykketter dykkar gjerningar,seier Herren.Eg set fyr på skogen i byen,og elden skal øyda alt ikring.