2 «Spør Herren til råds for oss! For kong Nebukadnesar av Babel går til krig mot oss. Kanskje Herren vil gjera eit under for oss, som han så ofte har gjort, så fienden dreg bort.»
3 Jeremia sa til dei: Dette skal de seia til Sidkia:
4 Så seier Herren, Israels Gud: Sjå, eg tek frå dykk krigsvåpna de har i hendene, dei som de kjempar med utanfor muren mot kongen av Babel og mot kaldearane som kringset dykk. Eg samlar dei midt i denne byen.
5 Sjølv skal eg strida mot dykk med utstrekt hand og sterk arm, i vreide, harme og i veldig sinne.
6 Eg skal slå i hel dei som bur i denne byen, både menneske og dyr; dei skal døy i ein stor pest.
7 Og sidan, seier Herren, gjev eg kong Sidkia av Juda, tenarane hans og folket, dei som er att i denne byen etter pest, sverd og svolt, i hendene på kong Nebukadnesar av Babel, til fiendane deira og folk som står dei etter livet. Dei skal hogga dei ned med sverd. Dei viser ikkje medkjensle, skånar ingen og viser ikkje miskunn.
8 Og til dette folket skal du seia: Så seier Herren: Sjå, eg legg fram for dykk vegen til livet og vegen til døden.