7 Og sidan, seier Herren, gjev eg kong Sidkia av Juda, tenarane hans og folket, dei som er att i denne byen etter pest, sverd og svolt, i hendene på kong Nebukadnesar av Babel, til fiendane deira og folk som står dei etter livet. Dei skal hogga dei ned med sverd. Dei viser ikkje medkjensle, skånar ingen og viser ikkje miskunn.
8 Og til dette folket skal du seia: Så seier Herren: Sjå, eg legg fram for dykk vegen til livet og vegen til døden.
9 Den som blir verande i denne byen, skal døy for sverd og svolt og pest. Men den skal få leva som går ut og gjev seg over til kaldearane som kringset dykk. Han får livet sitt som krigsbytte.
10 For når eg vender andletet mot denne byen, er det til det vonde og ikkje til det gode, seier Herren. Han skal gjevast i hendene på kongen av Babel, som skal brenna han ned.
11 Til kongehuset i Juda:Høyr Herrens ord,
12 du Davids hus!Så seier Herren:Døm rett om morgonen,berg den som er rana, frå undertrykkjarens hand!Elles skal harmen min loga som eldog brenna utan at nokon sløkkjer,for alt det vonde de har gjort.
13 Sjå, eg kjem mot deg,du by som tronar over dalen,du berg på sletta, seier Herren.De seier: «Kven kan koma over ossog trengja inn i våre bustader?»