1 Dette sa Herren: Gå ned til Juda-kongens hus. Der skal du tala dette ordet. Du skal seia:
2 Høyr Herrens ord, du Juda-konge som sit på Davids trone, både du og tenarane dine og folket ditt, alle de som går inn gjennom desse portane.
3 Så seier Herren: Gjer det som er rett og rettferdig! Berg den som er rana, frå undertrykkjarens hand! Ver ikkje harde og bruk ikkje vald mot innflyttarar, farlause og enkjer. De skal ikkje ausa ut uskuldig blod på denne staden.
4 Så sant de lever etter dette ordet, skal kongar som sit på Davids kongsstol og køyrer med vogner og hestar, koma inn gjennom portane til dette huset, både dei og tenarane deira og folket deira.