12 For han skal døy på den stadender han er i eksil,og dette landet skal han aldri meir få sjå.
13 Ve han som byggjer sitt hus med urettferd,sine loftssalar med urett.Han lèt sin neste arbeida utan betalingog gjev han ikkje løna han skal ha.
14 Han seier: «Eg vil byggja eit stort husmed romslege loftssalar.»Så høgg han ut vindauge,kler huset med sedertre og målar det raudt.
15 Blir du konge av å vera besttil å byggja med sedertre?Far din åt og drakkog gjorde det som er rett og rettferdig,og då gjekk det han godt.
16 Han felte rett domfor hjelpelause og fattige,og det gjekk han godt.Det er å kjenna meg,seier Herren.
17 Men du har ikkje auge og hjartefor anna enn urett vinning,for å ausa ut uskuldig blod,for å undertrykkja og mishandla.
18 Difor seier Herren om kong Jojakim av Juda, son til Josjia:Ingen held sørgjehøgtid over han og ropar:«Å ve, min bror! Å ve, mi syster!»Ingen held sørgjehøgtid og ropar:«Å ve, herre! Å ve, majestet!»